Eidfjord sentrum

Eidfjord kommune vil gjere sentrum meir attraktivt både for dei fastbuande og turistane. Ein områdeplan utarbeida av Opus Bergen skal bidra til å nå målet.

Føremålet med planarbeidet har vært å få eit meir levende sentrum i Eidfjord, både for dei fastbuande og for turistar. For dei fastbuande er det spesielt viktig å få til aktivitet i sentrum vinterstid. Ein ønsker å legge til rette for fleire bustader som kan vere eit alternativ til einebustad, og å skape eit godt bumiljø i sentrum.

Opninga av Hardangerbrua var og med på å aktualisere planarbeidet. Det er eit ønske å gjere Eidfjord meir interessant som ein stad å stoppe for dei som er på veg til eller frå Hardangervidda. På sikt er det forventa ein auke i trafikken gjennom Eidfjord sentrum, og trafikktryggleik er eit viktig moment i planarbeidet. Områdeplanen leggjer opp til å utbetre gang- og sykkelvegnettet og tilhøva for mjuke trafikantar. 

 

 

 



Flere prosjekt

Alle prosjekt

Ledige stillinger

Alle stillinger