Bildøyna | Sotra Kystby

Opus Bergen har laga ei kommunedelplan for "Sotra Kystby", området på Straume og Bildøy i Fjell kommune som står framfor ei omfattande byutvikling. Kystbyen vil omfatte industriparken, idrettsanlegget og turområdet i sør, via Sartor Storsenter til Fjell rådhus og helselandsbyen. Vidare vil kystbyen omfatte Straumssundet, midtre-Bildøy og Bildetangen lengst nord på Bildøy.

Området der Sartor Storsenter ligg i dag vil utgjere kjernen i kystbyen og er den delen som er omfatta av områdeplanen som Fjell kommune vedtok i juni 2011. Eit stort parkeringsanlegg under bakken med plass til 1500 bilar vil fjerne bilparkeringa rundt senteret og gi plass til breie gater med fortau og sykkelvegar, koselege gågater og opne møteplassar. Her blir det også kino, fleire butikkar, restaurantar, bustader, servicebygg og kontorareal. Med miljølokk over dagens riksveg 555 vil Fjell rådhus og helselandsbyen bli knytt tettare opp til handelsområdet i kystbyen.

Massane som vert tekne ut frå fjellet for å lage parkeringsanlegg under handlesenteret i kystbyen, vil bli frakta i tunnel til Straumssundet, der det skal byggjast ca 250 bustader i sjøkanten og tilhøyrande kai- og småbåthamn. Vidare vil kystbyen strekke seg over til midtre-Bildøy og knytast til Bildøyhallen og Sotra vidaregåande skule. Frå Straumssundet og nordover til Bildetangen er det i hovudsak planlagt bustader.

På Bildetangen, lengst nord på Bildøy, kan det bli plass til bustader for fleire tusen innbyggarar, hotell, kulturhus, næringsareal, kafear, parkar, småbåthamn og vrimleområde langs sjøen. Sotra Kystby vil få eit av landets flottaste idretts- og aktivitetsanlegg. I Straume Idrettspark blir det mellom anna fleirbrukshall, tre fotballbaner ute og ein stor innandørs fotballhall i tillegg til baner for sandhandball og 3,5 km turløyper.



Flere prosjekt

Alle prosjekt

Ledige stillinger

Alle stillinger