Straumsfjellet

I medhald av plan- og bygningslova §§12-1, 12-8 og 12-14, vert det varsla reguleringsendring for reguleringsplan Straumsfjellet S-d (plan id 20070065).

Det var i juni 2015 varsla oppstart av mindre reguleringsendring for denne planen, men fråsegna frå Fylkesmannen presiserte at endringane ikkje kunne takast som ei mindre endring. Føremålsendring frå parkering til bustad vert difor gjennomført som ei full endring, som no vert varsla.

Forslagstillar
OBOS Ulveseth Straumsfjellet AS er forslagstillar, utførande konsulent er Opus Bergen AS.

Planområdet
Planområdet ligg på Straumsfjellet, aust for sentrum i Fjell kommune, gnr. 35 bnr. 388 m.fl. Planområdet grensar mot eksisterande næringsområde i vest og nord, mot friområde i sør. Mot aust grensar planområdet mot veg.

Planstatus
I kommunedelplan for Straume inngår planområdet i eit fleirfunksjonelt sentrumsområde. I gjeldande reguleringsplan er planområdet regulert som blokkbustad med parkering i kjeller.

Endring av arealformål
Endringa omfattar omfordeling av ca. 1 daa parkeringsføremål til bustadføremål.

Informasjon og medverknad:
For nærare informasjon kontakt OPUS Bergen AS, tlf. 55 21 41 50, faks 55 21 41 60, e-post post@opus.no, vanleg post:     

OPUS Bergen AS
Strandgaten 59
5004 Bergen    

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Fjell kommune – dette vil ivaretakast av OPUS Bergen AS. Alle mottatte dokumenter, merknader og liknande vert send kommunen saman med planforslaget.

Frist for merknader er sett til 28.10.2015.

Frist for merknader er satt til



Har du kommentarer til planvarselet, send en melding til oss her.



Ledige stillinger

Alle stillinger