Storsteinsvegen, Fjell kommune

I medhald av plan- og bygningsloven §§ 12-1 og 12-8 vert det med dette varsla om igangsetting av privat reguleringsarbeid for Storsteinsvegen, gnr 58 bnr 36 m.fl., Nordre Fjell, Fjell kommune. Planoppstart vart opprinneleg varsla i brev av 11.05.15, ved Unikus AS. Planområdet er no utvida, og planforslaget vert difor i samråd med Fjell kommune no varsla på nytt. 

Forslagsstillar
Forslagsstillar er BYHUS Utvikling AS. OPUS Bergen AS er utførande konsulent for planlegginga.

Planområdet
Planområdet ligg ved Fv 555 i Nordre Fjell, og er avgrensa som vist på kartutsnittet nedanfor. Planområdet er samla på om lag 34 daa, og grenser mot fylkesvegen, eksisterande bustadområde og LNF-område.

Planstatus
I gjeldande kommuneplan (2015-2026) er planområdet i hovudsak sett av til bustadføremål. Ein mindre del av planområdet er vist som LNF-område i kommuneplanen. Hovuddelen av planområdet er uregulert. Planen vil erstatte delar av planane 129 Bjørkhaug, Fjell (planID 20040002), og 35 RP Fjell sentrum (PlanID 19980007).

Formålet med planforslaget
Formålet med planforslaget er å fortette eit eksisterande bustadområde. Ein ynskjer å leggje til rette for 10-12 eine-/tomannsbustader, eventuelt blanda med meir konsentrert busetnad, med gode uteopphaldsareal og tilhøyrande infrastruktur. Type busetnad vert ein del av utgreiingane i planprosessen.

Verknader av planen
Reguleringsplanen vil leggje rammene for gjennomføring av tiltak. Planforslaget er vurdert etter Konsekvensutredningsforskriften. Ein mindre del av arealet som er planlagt regulert til bustadformål er sett av til LNF-område i kommuneplanens arealdel. Planforslaget fell difor inn under § 3 b) i forskrifta, «Planer som skal vurderes etter vedlegg III». Det skal då vurderast om det er sannsynleg at planforslaget vil kunna kome i konflikt med ei rekkje opplista ressursar/kvalitetar, eller medføre ei forverring av opplista moment (punkt a-q i forskrifta). Med grunnlag i søk i tilgjengelege register kan vi ikkje sjå at planforslaget kjem i konflikt med punkt a-q i vedlegg III. Planforslaget er med dette vurdert som ikkje konsekvensutgreiingspliktig.

Merknader/innspel
Eventuelle merknader el. innspel som kan ha innverknad og/el. vera av interesse for planarbeidet skal sendast til:

Opus Bergen AS
Strandgaten 59
5004 Bergen 

Eller via e-post post@opus.no. Det er og mogleg å sende merknad via denne sida. 

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Fjell kommune – dette vert gjort samla av OPUS Bergen AS. Alle mottekne dokument, merknader og liknande vert sendt kommunen saman med planframlegget. 

Frist for merknader er sett til 27.05.16.

Vidare saksgang
Etter at merknadsfristen er ute vil planframlegget verte utarbeidd og sendt til Fjell kommune for handsaming.

Etter 1. gongs handsaming vert planen send på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då igjen vere mogleg å sende merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

 

 

Frist for merknader er satt til



Har du kommentarer til planvarselet, send en melding til oss her.



Ledige stillinger

Alle stillinger