Ryggjatun

I samsvar med Plan– og bygningsloven (pbl) §12-14, varslar OPUS Bergen AS på vegne av tiltakshavar Aurland Eigedom AS at det søkjast om reguleringsendring / mindre endring av reguleringsplan for gjeldande plan for Ryggjatun, gnr 8, bnr 90, m.fl., i Aurland kommune.

VARSEL OM REGULERINGSENDRING / MINDRE REGULERINGS-ENDRING AV REGULERINGSPLAN FOR RYGGJATUN:

I samsvar med Plan– og bygningsloven (pbl) §12-14, varslast det at det søkjast om reguleringsendring / mindre endring av reguleringsplan for gjeldande plan for Ryggjatun, gnr 8, bnr 90, m.fl., Aurland kommune.

Med privat reguleringsendring skal ein forstå:
For endring av reguleringsplan gjeld same bestemmingar som for utarbeiding av ny plan. Før vedtak treffast, skal saka leggjast fram før aktuelle mynde, og eigarar og festar av eigedomar som er direkte berørt av tiltaket, samt at andre partar, skal gjevast høve til uttale. Privat reguleringsplan etter Plan- og bygningslovens kapittel 12, der privat grunneigar, tiltakshavar (utbyggar) m. fl. tar initiativ til og deretter utarbeider planforslag. Forslag til plan vert send til kommunen, som deretter tek over ansvaret for sakshandsaminga med innhenting av merknader til planen og eventuelt krev endringar i planen før den blir lagt fram for vedtak i kommunestyret.

Forslagsstiller
Forslagsstillar er Aurland Eigedom AS.
OPUS Bergen AS er utførande konsulent.

Planområdet
Planområdet er avgrensa som vist på vedlagt kartutsnitt. Planområdet er på om lag 9,4 daa og omfattar bebygd areal kring tomta for tidlegare Ryggjatun hotell. 

Planstatus
I gjeldande reguleringsplan for Ryggjatun; gnr. 8 bnr. 90, m.fl., er området avsett til kombinert byggeformål, bustad, grøntformål og infrastruktur.

Formålet med endringa:
Formålet med endringa er å føreta enkle justeringar som gir avklaringar i høve til formål, byggegrenser, utnyttingsgrad og høgder:

• Presisering av avstandar til byggegrenser og innteikning av desse.
• Presisering av byggehøgder og utnyttingsgrad for dei ulike delfelta.
• Vurdering av parkeringsføremål på B/N2.

Verkander av planen:
Reguleringsplanen vil leggje rammene for gjennomføring av tiltak.

Informasjon og medverknad:
For nærare informasjon kontakt Opus Bergen AS, tlf. 55 21 41 50 eller e-post: post@opus.no.

Innspel til reguleringsendringa:
Innspel som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast:

OPUS Bergen AS
Strandgaten 59
5004 Bergen

E-post: post@opus.no

Nett: www.opus.no, via fana «Planvarsel»

Vi ber om at det i innspelet vert referert til prosjektnummer P17035.

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av innspel til Aurland kommune – dette vil gjerast av OPUS Bergen AS. Alle mottatte dokument, innspel og liknande vert sende kommunen samla, saman med endringsforslaget.

Frist for innspill er satt til 20.09.2017.

Vidare saksgang:
Etter at innspelsfristen er ute vil sjølve reguleringsendringa bli utarbeidd og send til Aurland kommune for handsaming.

 

OPUS Bergen AS

 

Frist for merknader er satt til



Har du kommentarer til planvarselet, send en melding til oss her.



Ledige stillinger

Alle stillinger