Robølshovda

I medhald av plan og bygningsloven §§ 12-1, 12-8 og 12-9 vert det med dette varsla igangsetting av privat reguleringsarbeid for gnr 26 bnr 253 m.fl., Robølshøvda, Øystre Slidre kommune.

I samband med oppstart av planarbeidet vert også planprogrammet lagt ut til offentleg ettersyn.

Forslagsstillar:
Jotunheimen Utvikling AS er forslagstillar.
OPUS Bergen AS er utførande konsulent for planlegginga.

Planområdet:
I gjeldande kommuneplan (1998-2010) er området vist som naturområde. I kommunedelplan for Gravfjellsområdet (2013-2025) er hovuddelen av planområdet vist som hyttefelt H1. I tillegg er eit område i nordaust vist som fritids- og turistmål (FT3), og område mot sør og nord er vist som LNF-område. Planområdet er avgrensa som vist på kartutsnittet nedanfor, og utgjer omlag 1360 daa. Planområdet grensar til naturområde, bustader, fritidsbustader og eksisterande vegtraséar.

Føremålet med planen:
Føremålet med planen er å leggje til rette for fritidsbusetnad. Det vert planlagt for om lag 450 hytter i delfelt, der hyttene kan plasserast varierande, i tunstruktur og som ordinære frittliggande hytter. Strukturen vert utgreidd i planprosessen. I tillegg er det føreslått campingområde i FT3. Gangsamband gjennom hytteområdet skal knyte området direkte til Robølsbygda. 

Utlegging av planprogram til offentleg ettersyn:
Planområdet for områdereguleringa av Robølshøvda hyttefelt omfattar felt H1 og FT3 i Kommunedelplan for Gravfjellsområdet. Heile felt H1 er vist som gjennomføringssone H810_1 i KDP; sone med krav om felles planlegging. Det er difor stilt krav om utarbeiding av planprogram for områdereguleringa.

Informasjon og medverknad:
Planprogrammet vert send til offentlege høyringsinstansar. Grunneigarar i området og andre råka partar kan få tilsend forslag til planprogram frå Opus Bergen AS. Det er også mogleg å laste ned planprogrammet frå våre nettsider: www.opus.no under ”planvarsel”.

Informasjon og medverknad:
For nærare informasjon kontakt OPUS Bergen AS, tlf. 55 21 41 50, faks 55 21 41 60, e-post post@opus.no, vanleg post:     

OPUS Bergen AS
Strandgaten 59
5004 Bergen    

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Øystre Slidre kommune – dette vil ivaretakast av OPUS Bergen AS. Alle mottatte dokumenter, merknader og liknande vert send kommunen saman med planforslaget.

Frist for merknader er sett til 12.10.2015.

Vidare saksgang:
Etter at planprogrammet har vore på høyring, skal planprogammet fastsetjast av kommunestyret i Øystre Slidre. Neste steg i planprosessen er å ferdigstille forslag til reguleringsplan. Etter første gongs handsaming i kommunen vert planen lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då vere mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Frist for merknader er satt til



Har du kommentarer til planvarselet, send en melding til oss her.



Ledige stillinger

Alle stillinger