Nordstrøno

I medhald av plan-og bygningslova §§ 12-1, 12-3 og 12-8, vert det varsla igangsetting av privat detaljreguleringsarbeid for del av gnr 27 bnr 49, Nesjagaren, Nordstrøno, Os kommune.

Forslagsstillar er Otium Bolig AS. OPUS Bergen AS er utførande konsulent for planlegginga.

PLANOMRÅDET
Planområdet er på om lag 124 daa , og ligg på Nordstrøno. Planområdet grensar til ubygd område i aust og sør, og mot Fylkesveg 160 Strønevegen i vest og nord. Planområdet inkluderer med dette eksisterande bustadområde mellom gnr 27 bnr 49 og fylkesvegen.

PLANSTATUS
Føremålet i planforslaget er i tråd med kommuneplanen for Os, der planområdet i hovudsak er vist som noverande og framtidig bustadområde.

FØREMÅL
Føremål med planarbeidet er å leggje til rette for bustader med tilhøyrande infrastruktur. Ein ønskjer å byggje om lag 30-35 einebustader, eventuelt ein blanding mellom einebustader og tomannsbustader.

I førehandskonferansen med kommunen vart det konkludert med at det ikkje er behov for eige planprogram eller konsekvensutgreiing i samband med planarbeidet.

INFORMASJON, MEDVERKNAD OG MERKNADER:
For nærare informasjon kontakt OPUS Bergen AS, tlf.55 21 41 50, faks 55 21 41 60, e-post post@opus.no. Merknader til planarbeidet kan sendast til:
OPUS Bergen AS
Strandgaten 59
5004 Bergen

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Os kommune – dette vil verte gjort samla av OPUS Bergen AS. Alle mottekne dokument, merknader og liknande vert sendt kommunen saman med planframlegget.

Frist for merknader er satt til



Har du kommentarer til planvarselet, send en melding til oss her.



Ledige stillinger

Alle stillinger