Mørkveslia Myrkdalen

I medhald av plan og bygningsloven §§ 12-1,12-2, 12-8 og 12-9 vert det varsla igangsetting av reguleringsarbeid for gnr 277 bnr 1,4,7 m.fl., Mørkveslia, Voss kommune.

Reguleringsplanen vil utarbeidast som ein områderegulering, med ulik detaljeringsgrad. I samband med oppstart av planarbeidet vert også planprogrammet lagt ut til offentleg ettersyn. 

Forslagsstillar
Myrkdalen Fjellandsby AS er forslagsstillar. OPUS Bergen AS er utførande konsulent for planlegginga.

Planområdet
I kommunedelplan for Myrkdalen er hovuddelen av planområdet vist som byggeområde for fritidsbusetnad ( F5). Mot vest ligg eit kombinert utbyggingsområde for sentrumsfunksjonar/fritidsbustader og alpinanlegg (S2). I tillegg er eit område i sør vist som bustadområde (B3), og område mot og aust og nord er vist som alpinanlegg (Fr3) . Planområdet er avgrensa som vist på kartutsnittet nedanfor, og utgjer omlag 946 daa. Planområdet grensar til naturområde, bustader, alpinområde, bygdesenterområde S3 og Riksveg 13.

Føremålet med planen
Føremålet med planen er å realisere utbygging i F5,  med ein kombinasjon av frittliggjande fritidsbusetnad og konsentrert utbygging. Typologi og struktur vert utgreidd i planprosessen.  Vidare skal det leggast til rette for infrastruktur som mellom anna veg, VA, skiløyper, heis og barneskitrekk samt grønstruktur for tilgrensande utbyggingsområder 

Det skal gjerast ei konsekvensutgreiing. Føremålet med ei konsekvensutgreiing er å sikre at det vert teke omsyn til miljø, naturressursar og samfunn under førebuinga av planar og tiltak. Utgreiinga skal gje grunnlag for å vurdere om dei planlagde tiltaka kan gjennomførast og på kva vilkår.  Eit planprogram vert vedteken tidleg i prosessen for å avklare rammer og premiss for planarbeid med konsekvensutgreiing.

Utlegging av planprogram til offentleg ettersyn
Offentlege høyringsinstansar, grunneigarar i området og andre råka partar kan få tilsend forslag til planprogram frå Opus Bergen AS. Det er også mogleg å laste ned planprogrammet frå våre nettsider: www.opus.no under ”planvarsel”.
For nærare informasjon kontakt OPUS Bergen AS, sjå kontaktinfo nedst på brevarket. Planprogram og oppstartsvarsel er også tilgjengeleg på servicetorget på Voss tinghus, og på Voss kommune si heimeside under kunngjeringar. 

Informasjon og medverknad:
Det skal haldast informasjonsmøte før planen vert lagt ut til offentleg ettersyn.
For nærare informasjon kontakt OPUS Bergen AS, tlf. 55 21 41 50, e-post post@opus.no.

Merknader til oppstartsmeldinga/planprogrammet:
Merknader som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast til Opus Bergen AS per brev eller e-post. Det bør gjerast klart om merknaden gjeld utforming av planprogram eller sjølve reguleringsarbeidet.


OPUS Bergen AS
Strandgaten 59
5004 Bergen
e-post: post@opus.no
eller elektronisk gjennom www.opus.no via fanen «Planvarsel».

Vi ber om at det i merknaden blir referert til prosjektnummer P16079.
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Voss kommune – dette vil ivaretakast av OPUS Bergen AS. Alle mottatte dokumenter, merknader og liknande vert send kommunen saman med planforslaget.

Frist for merknader er sett til 14.03.2017.

Vidare saksgang
Etter at planprogrammet har vore på høyring, skal planprogammet fastsetjast politisk i Voss kommune, av formannskap, plan og økonomi. Neste steg i planprosessen er å ferdigstille forslag til reguleringsplan. Etter første gongs handsaming i kommunen vert planen lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då vere mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

OPUS Bergen AS

 

Frist for merknader er satt til



Har du kommentarer til planvarselet, send en melding til oss her.



Ledige stillinger

Alle stillinger