Mjølfjell felt M4

I medhald av plan- og bygningsloven §12-8 vert det med dette varsla om oppstart av privat

detaljreguleringsplan for Mjølfjell felt M4, Voss kommune. Planen omfatter hovudbruket gnr 151 bnr 2, samt alle frådelte hyttetomter. I tillegg er det tatt med eit tilleggsareal ved jernbanen gnr 501 bnr 1, som er tenkt nytta som parkeringsplass.

Forslagsstillar
Forslagsstillar er arbeidsgruppa for hytteeigarane i Ljosandalen hyttefelt M4.
OPUS Bergen AS er utførande konsulent for planlegginga.

Planområdet
Området er avgrensa av jernbanen i sør, av elva Ljosåni i vest, Gamlestølselvi i nord og
utmark/LNF i aust.
Planområdet er avgrensa som vist på vedlagde kartutsnitt og utgjer om lag 445daa.

Planstatus
Planområdet ligg som noverande fritidsbebyggelse i gjeldande kommuneplan. Planområdet
omfatter gjeldande reguleringsplan Mjølfjell Felt M4-endring hyttestorleik, planid 03001 frå
2003, samt avløpsplan felt M4, planid 08018 frå 2009.

Føremål med planarbeidet
Det er behov for meir tilrettelegging av parkering og forbetring av vegane i hytteområdet. Det
er eit ynskje å få stadfesta eksisterande traktorvegar og definere riktig standard på vegane.
Forslagstillar ynskjer å få regulert vegane med traktorvegklasse 8. Det er ynskje om å utvide
eksisterande parkeringsplass og i tillegg leggje til rette for ein ny stor parkeringsplass på
Jernbaneverket sitt areal ved jernbanen. Det er ynskje om å få regulert området slik at det vert
felles forståing for korleis området kan nyttast og utviklast.

Informasjon og medverknad
Eventuelle merknader/kommentarar til planarbeidet skal sendast skriftleg til:

Opus Bergen AS
Strandgaten 59
5004 Bergen

Merkander kan sendast elektronisk gjennom www.opus.no via fana «Planvarsel», eller
post@opus.no.

Vi ber om at det i merknaden vert referert til prosjektnummer P15051.

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Voss kommune – dette vil gjerast av
OPUS Bergen AS. Alle mottatte dokument, merknader og liknande vert send kommunen
samla saman med planforslaget.

Vidare saksgang
Når det er utarbeidd forslag til reguleringsplan med plankart og føresegner, vil
reguleringsplanen verte lagt ut til offentleg ettersyn. Naboar og berørde partar vil ved
offentleg ettersyn få høve til å uttale seg konkret til planforslaget.

Frist for merknader er satt til



Har du kommentarer til planvarselet, send en melding til oss her.



Ledige stillinger

Alle stillinger