Del av Mjåtveit

I medhald av plan og bygningslova §12-8 vert det med dette varsla igangsetjing av privat reguleringsarbeid for reguleringsplan for del av Mjåtveitmarka, Meland kommune.

Forslagsstillar
Forslagsstillar er Rygir Tomteutvikling AS 
OPUS Bergen AS er utførande konsulent.

Planområdet
Planområdet er avgrensa som vist på kartutsnittet nedanfor, og utgjer ca. 18,3 daa. I aust grensar planområdet til reguleringsplan for industriområde Mjåtveit/ Frekhaugmarka, der området er regulert til industribygg. 

Planstatus
Planområdet er i Kommuneplanen sin arealdel (KPA) 2010-2021 sett av til framtidig og noverande bustader.

Planområdet er i dag delvis regulert i Bustadplan for Mjåtveitmarka, plan ID 1256 2006 0002, til føremål industri/lager.

Formålet med planforslaget
Føremålet med planarbeidet er å regulere om frå industriføremål til bustad; einebustad/ tomannsbustad, med tilhøyrande infrastruktur. Tal på einingar, grad av utnytting og bygningsvolum vert avklara i vidare planarbeid.

Meland kommune har vurdert at tiltaket ikkje er konsekvensutgreiingspliktig i høve til Forskrift om konsekvensutredninger. Konsekvensutgreiing er gjort i samband med revisjon av kommuneplanen sin arealdel i 2015. 

Verknader av planen
Reguleringsplanen vil legge rammene for gjennomføring av tiltak.

Informasjon og medverknad:
For nærare informasjon kontakt OPUS Bergen AS, tlf. 55 21 41 50, e-post post@opus.no.

Merknader til oppstartsvarselet:
Innspelsom har verknad eller interesse for planarbeidet kan ein sende til Opus Bergen AS per brev eller e-post.

Opus Bergen AS
Strandgaten 59
5004 Bergen

 e-post: post@opus.no

eller elektronisk gjennom www.opus.no via fana «Planvarsel». Her ligg også notat frå oppstartsmøtet med Meland kommune.

Vi ber om at det i innspel vert referert til prosjektnummer P15061.

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av innspel til Meland kommune – dette vert ivareteke av OPUS Bergen AS. Alle mottekne dokument, innspel og liknande vert sendt kommunen saman med planframlegget.

Frist for innspel er sett til 18.03.17.

Vidare saksgang
Neste steg i planprosessen er å ferdigstille framlegg til reguleringsplan. Etter første gongs behandling i kommunen vert planen lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då vera mogleg å koma med merknad til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Vennleg helsing

Opus Bergen AS

 

Frist for merknader er satt til



Har du kommentarer til planvarselet, send en melding til oss her.



Ledige stillinger

Alle stillinger