Losna

I medhald av plan- og bygningsloven §12-8, §12-9 og §7 i forskrift om konsekvensutgreiing, vert det med dette varsla om igangsetting av privat reguleringsarbeid av detaljplan med konsekvensutgreiing, Losna, gnr. 62 bnr. 1, 2 m. fl. Solund kommune

Forslagsstillar
Forslagsstillar er Losna Seafood AS. OPUS Bergen AS er utførande konsulent for planlegginga.

Planområdet
Planområdet er på om lag 3489 daa og er avgrensa som vist på vedlagt kartutsnitt. Det ligg i eit naturområde som grensar til sjø og LNF-område. Krakhellesundet ligg vest for planområdet og i aust stig terrenget mot midt på øya. Det er ingen busetnad eller infrastruktur som avgrensar planområdet.  

Planstatus
Planområdet er i KPA (2008-2020) i all hovudsak avsett til landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF). I tillegg er to områder avsett som område for bruk og vern av sjø og vassdrag; ei bukt i Standalen har føremål fiskeområde (Fi) og eit område lenger nord i Seljeskogvikane har føremål akvakultur (A).

Føremål
Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for oppdrettsanlegg på land og i fjellhall, med tilhøyrande kaianlegg, anleggsveg og pendlarbustader for tilsette ved anlegget. Pendlarbustadane er tenkt sørvest i planområdet, kring Djupevika.

Utlegging av planprogram til offentleg ettersyn
Tiltaka planframlegget legg til rette for er vurdert å utløyse krav til konsekvensutgreiing (KU), jamfør Forskrift om konsekvensutredninger § 3, då tiltaket er i strid med overordna plan (KPA). Som del av arbeidet er det utarbeidd eit framlegg til planprogram. Planprogrammet vert vedteke av Solund kommune, og fastset kva som skal greiast ut som del av konsekvensutgreiinga. Dette brevet varslar om offentleg høyring av planprogrammet.

Planprogrammet vert sendt til offentlege høyringsinstansar. Grunneigarar i området og andre berørte partar kan òg få tilsendt framlegg til planprogram ved å kontakte Opus Bergen AS. Det er òg mogleg å laste ned planprogrammet frå nettsida vår: www.opus.no.

Innspel til oppstartsmeldinga
Innspel som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast:

OPUS Bergen AS
Strandgaten 59
5004 Bergen

eller elektronisk gjennom www.opus.no via fana «Planvarsel».

Vi ber om at det i innspelet vert referert til prosjektnummer P16028

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av innspel til Solund kommune – dette vil gjerast av OPUS Bergen AS. Alle mottatte dokument, innspel og liknande vert send kommunen samla saman med planforslaget.

Vidare saksgang
Etter at innspelsfristen er ute vil sjølve planforslaget bli utarbeidd og send til Solund kommune for handsaming.

Etter 1. gongs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då igjen vere mogleg å sende merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming. 

Frist for merknader er satt til



Har du kommentarer til planvarselet, send en melding til oss her.



Ledige stillinger

Alle stillinger