Lonena

I medhald av plan- og bygningslova §12-8 og §7 i forskrift om konsekvensutgreiing, vert det med dette varsla om igangsetting av områderegulering med tilhøyrande konsekvensutgreiing for gnr. 185 bnr. 284, Lonena, Lindås kommune.

Plan- og miljøutvalet i Lindås kommune vedtok 06.10.16 i sak 118/16 oppstart av områderegulering for Lonena og høyring av planprogram. I samband med oppstart av planarbeidet vert òg planprogrammet lagt ut på offentleg høyring.

(OBS: merknadsfristen er blitt utvidet fra 02.01.17 til 31.01.17) 

Framleggsstillar
Planen er eit offentleg-privat samarbeid mellom Lindås kommune og Rygir Tomteutvikling AS. OPUS Bergen AS er utførande konsulent for planlegginga.

Planområdet
Planområdet ligg nord for Knarvik sentrum, og er avgrensa som vist på vedlagt kartutsnitt. Planområdet er på om lag 413 daa og omfattar gnr. 185 bnr. 284 m. fl med eksisterande stisystem samt delar av kringliggande vegsystem. Noko skogområde av gnr. 185 bnr.1 inngår nordvest i planområdet.  

Planstatus
Planområdet er i arealdelen til kommuneplanen for Lindås (2011-2023) sett av til område med kommunedelplan eller kommunedelplan under utarbeiding. I vedteken kommunedelplan for Knarvik – Alversund 2007-2009 er området i hovudsak sett av til bustadområde og grønstruktur – med friområde. Ein mindre del i sørvest er sett av til område for offentlege bygg.   

Føremålet med planframlegget
Føremålet med planframlegget er å etablere nye bustader med tilhøyrande infrastruktur og grønstruktur. 

Utlegging av planprogram til offentleg ettersyn
Det er vurdert at planarbeidet er konsekvensutgreiingspliktig i høve til forskrift om konsekvensutgreiingar. Som del av arbeidet er det utarbeidd eit framlegg til planprogram.

Planprogrammet fastset kva som skal greiast ut som del av konsekvensutgreiinga, og vert vedteke av Lindås kommune. Varslar med dette om offentleg høyring av planprogrammet, og det er no mogleg å kome med merknader til framlegget.

Verknader av planen
Reguleringsplanen vil leggje rammene for gjennomføring av tiltak.

Innspel til oppstartsmeldinga og merknad til planprogrammet
Innspel og merknader som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast:

OPUS Bergen AS
Strandgaten 59
5004 Bergen

eller elektronisk gjennom www.opus.no via fana «Planvarsel».

Vi ber om at det i innspelet/merknaden vert referert til prosjektnummer P14031.

Det bør skiljast mellom merknader som gjeld innhaldet i planprogrammet, og innspel som gjeld sjølve reguleringsarbeidet.

Vidare saksgang
Etter at planprogrammet har vore på høyring, vert det sakshandsama av kommunen og endeleg vedteke. Neste steg i planprosessen er å ferdigstille forslag til reguleringsplan med konsekvensutgreiing. Etter 1. gongs handsaming i kommunen, vert planen lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då igjen vere mogleg å komme med merknad til planforslaget før vidare politisk handsaming. 

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av innspel og merknader til Lindås kommune – dette vil gjerast av OPUS Bergen AS. Alle mottekne dokument vert send kommunen samla saman med planframlegget. 

Frist for merknader er satt til



Har du kommentarer til planvarselet, send en melding til oss her.



Ledige stillinger

Alle stillinger