Kvalheimsneset, Radøy kommune

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8, blir det varsla igangsetting av planarbeid for endring av reguleringsplan for del av gnr. 28, bnr. 63, 90, 95, Kvalheimsneset, Radøy kommune. 

Forslagsstiller
Forslagsstiller er Kvalheim Fritidsenter AS. OPUS Bergen AS er utførende konsulent for planleggingen.

Planområdet
Planområdet er avgrensa som vist på kartutsnitt under, utgjer om lag 68,2 daa, og grensar til ubygd LNF-område mot nord. I sør grensar planområdet til Radøytunet, campingplass og gjestehus/serveringsstad. I sørvest grensar området til sjø (Kobbevågen). 

Planstatus
Planområdet er regulert til næringsområde med utleigehytter og kombinert  formål fritidsbustad/næring i gjeldande plan. I gjeldande kommuneplan er området avsett til næringsformål.  

Formålet med planen
Formålet med planen er å omregulera frå delt formål fritidsbustad/næring til fritidsbustadformål i hovudsak. Dei eksisterande og planlagde fritidsbustadane i området har i dag tvungen utleigedel. Ein ynskjer å legge til rette for vidare utvikling av området for  fritidsbustader og serviceområde med private fritidsbustader med frivillig utleigedel, samt opparbeiding av uteområde med ballplass og leikeplassar. Endringa omfattar i all hovudsak formålet for fritidsbustad-området, det vert lagt opp til same plassering av felt og same tal einingar som i gjeldande plan.  

Verknader av planen
Reguleringsplanen vil legge rammene for gjennomføringa av tiltaka. 

Merknader til oppstartsvarselet
Merknader til planarbeidet kan sendast Opus Bergen AS per brev eller e-post,

Opus Bergen AS
Strandgaten 59
5004 Bergen

e-post: post@opus.no

eller elektronisk på www.opus.no via fanen «Planvarsel». Her ligger også notat frå oppstartsmøte med Radøy kommune.

Vi ber om at det i merknaden blir referert til prosjektnummer P17064

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Radøy kommune, då dette blir gjort av OPUS Bergen AS. Alle mottekne dokument, merknader og liknande blir sendt kommunen saman med planframlegget.

Vidare saksgang
Etter at fristen for merknader er ute vil planframlegget bli utarbeidd og sendt til Radøy kommune for handsaming.

Frist for merknader er satt til



Har du kommentarer til planvarselet, send en melding til oss her.



Ledige stillinger

Alle stillinger