Kråkebollen Austevoll

Med heimel i plan- og bygningslova §§ 12-1, 12-8, 12-14 og 14-2 og Forskrift om konsekvensutredning vedlegg I nr. 1, vert det varsla igangsetting av privat reguleringsarbeid med konsekvensutgreiing og utlegging av framlegg til planprogram til offentleg høyring for gnr. 46, bnr. 7, Austevoll kommune. Det skjer etter godkjenning frå utval for plan og byggesak 25.10.16.

Forslagsstillar er AES AS
OPUS Bergen AS er utførande konsulent.

Planområdet
Planområdet ligg i Austevoll kommune. Planområdet er avgrensa som vist på kartutsnittet lengre nede i brevet. Det er på ca 150 daa, og dekkjer dei delane av gnr. 46, bnr. 7 som ligg aust for fylkesveg 546 i tillegg til tilkomstvegen og det mellomliggjande arealet på gnr. 47, bnr. 208. Planområdet er eit naturområde som ligg til sjø. Delar av planområdet er sjøareal. Det står ikkje bygg på planområdet.

Planstatus
Planområdet er i kommuneplanens arealdel vist som framtidig næringsføremål. Sjøområdet er sett av til Akvakultur.
Planområdet er uregulert.

Formålet med planforslaget
Føremålet med planen er å leggje til rette for bygging av eit landbasert oppdrettsanlegg for kråkeboller på ca. 30.000 m2. For å få plass til anlegget er det naudsynt å planere terreng og fylle masser i sjø. Planen skal og leggje til rette for ein mogleg ekspansjon på ytterlegare 30.000 m2.

Det skal gjerast ei konsekvensutgreiing. Føremålet med ei konsekvensutgreiing er å sikre at det vert teke omsyn til miljø, naturressursar og samfunn under førebuinga av planar og tiltak. Utgreiinga skal gje grunnlag for å vurdere om dei planlagde tiltaka kan gjennomførast og på kva vilkår.  Eit planprogram vert vedteken tidleg i prosessen for å avklare rammer og premiss for planarbeid med konsekvensutgreiing.

Verknader av planen
Reguleringsplanen vil legge rammene for gjennomføring av tiltak.

Informasjon og medverknad:
Det skal haldast informasjonsmøte før planen vert lagt ut til offentleg ettersyn.
For nærare informasjon kontakt OPUS Bergen AS, tlf. 55 21 41 50, e-post post@opus.no.

Merknader til oppstartsvarselet:
Merknader som har verknad eller interesse for planprogram og planarbeidet kan sendast til Opus Bergen AS per brev eller e-post.


OPUS Bergen AS
Strandgaten 59
5004 Bergen
e-post: post@opus.no
eller elektronisk gjennom www.opus.no via fanen «Planvarsel».

 Vi ber om at det i merknaden blir referert til prosjektnummer P16054.
Det er ikke naudstynt å sende kopi av innspel til Austevoll kommune – dette vil OPUS Bergen AS gjere. Alle mottekne dokument, innspel og liknande vert sendt til kommunen sammen med planprogrammet.

 Frist for innspel er sett til 25. januar 2017.

Vidare saksgang

Etter at planprogrammet har vore på høyring, skal programmet vedtakast av utval for plan og byggesak. Etter det vil sjølve planframlegget med konsekvensutgreiing bli utarbeidd for så å bli send Austevoll kommune for handsaming. I samband med utforminga av planen blir det lagd vekt på at dei planen vedkjem, både private partar og styremaktene skal kunne påverke utforminga av planen. Når det gjeld medverknad for dei planen vedkjem, er det vist til planprogrammet.

Etter 1. gangs handsaming i Austevoll kommunen skal planen på høyring og til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å kome med merknadar til planframlegget før dette går til videre politisk handsaming.

OPUS Bergen AS

 

Frist for merknader er satt til



Har du kommentarer til planvarselet, send en melding til oss her.



Ledige stillinger

Alle stillinger