Kolltveit vest

I medhald av plan- og bygningsloven §§ 12-1, 12-8 og 12-14 vert det med dette varsla om igangsetting av privat reguleringsarbeid av detaljplan, Skorafjellet barnehage, gnr 33 bnr 603 og 604, Kolltveit, Fjell kommune. 

Forslagsstillar
Forslagsstillar er JM Norge AS. OPUS Bergen AS er utførande konsulent for planlegginga.

Planområdet
Planområdet ligg ved Fv 258 Skjergardsvegen på Kolltveit, og er avgrensa som vist på vedlagt kartutsnitt. Planområdet er på om lag 13 daa og omfattar areal regulert til barnehage, felles uteopphaldsareal og felles parkering i gjeldande reguleringsplan. Det pågår utbygging av bustadområde i tilgrensande områder i dag

Planstatus
I gjeldande reguleringsplan Kolltveit Vest, gnr 33, 603, 601, 605 m. fl. (RP 278) er planområdet regulert til bustader, barnehage, felles grøntområde og veg/parkeringsformål.

Formålet med planforslaget
Formålet med planforslaget er å utvida eksisterande barnehagetomt for å etablera ein større barnehage, i tillegg til å justera plassering innanfor gjeldande reguleringsplan. Det vil i tillegg bli lagt til rette for fire nye bustadeiningar innafor planområdet

Verknader av planen
Reguleringsplanen vil leggje rammene for gjennomføring av tiltak. 

Merknader/innspel
Eventuelle merknader el. innspel som kan ha innverknad og/el. vera av interesse for planarbeidet skal sendast til:

Opus Bergen AS
Strandgaten 59
5004 Bergen 

Eller via e-post post@opus.no. Det er og mogleg å sende merknad via denne sida. 

Vi ber om at det i merknaden vert referert til prosjektnummer p15037

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Fjell kommune – dette vert gjort samla av OPUS Bergen AS. Alle mottekne dokument, merknader og liknande vert sendt kommunen saman med planframlegget. 

Frist for merknader er sett til 03.06.16.

Vidare saksgang
Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget bli utarbeidd og send til Fjell kommune for handsaming. 

Etter 1. gongs handsaming vert planen send på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då igjen vere mogleg å sende merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

 

Forslagsstillar

Forslagsstillar er JM Norge AS. OPUS Bergen AS er utførande konsulent for planlegginga

Frist for merknader er satt til



Har du kommentarer til planvarselet, send en melding til oss her.



Ledige stillinger

Alle stillinger