Kleiva på Kvamskogen

Melding om oppstart av arbeid med privat detaljregulering for gnr/bnr 19/111 m.fl. Kleiva på Kvamskogen, Kvam Herad

Initiativtakar:
I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt at fagkunnig Opus Bergen AS på oppdrag for forslagslagstillar Trond Hatlebrekke set i gang arbeid med detaljregulering for eigedomane gnr. 19, bnr 111 m. fl.m. – Kleiva på Kvamskogen, Kvam Herad.

Planstatus og føremål:
Planområdet er pr i dag regulert gjennom «Disposisjonsplan for gnr. 19, bnr. 29 – Kleiva på Kvamskogen» og «Reguleringsplan for E68 Kvamskogen» (vedteken 23.08.77).

I kommuneplanen sin arealdel (vedteken 06.09.2011) har området status som område for fritidsbustad merka HO, LNF, LNF-spreidd fritidsbustad, parkering, skiløype.føremål. 

Reguleringsendringa har som føremål å omregulere disposisjonsplan for gnr. 19, bnr. 29 – Kleiva på Kvamskogen.  Som del av omreguleringa er det ynskje om å fortette med 1-2 fritidsbustader. Tiltaket samsvarar med føremåla i kommunedelplanen.

Det går føre seg fylgjande planarbeid i området: Reguleringsplan for strekkja NAF-Eikedalen.  Regulering av Fv7 med gang- og sykkelveg og kryssingar for mjuke trafikantar.

Tiltaket er vurdert i høve til forskrift om konsekvensutgreiingar §§ 2-5. Tiltaket er vurdert slik at det ikkje er konsekvensutreiingspliktig. 

Avgrensing:

Planområdet er avgrensa som vist på vedlagte kartutsnitt og er om lag 42 daa stort. Eksisterande arealbruk er 13 tomter for fritidsbustad, parkering, grøntareal, skiløype og faresone for høgspentanlegg.

Viktige utgreiingar:
Planarbeidet skal spesielt vurdera landskapstilpassing av hyttene med gode føresegner som styrer utforming og plassering. Synar til pkt. 2 i notat frå oppstartsmøtet med kommunen for ytterlegere informasjon (vedlegg). 

Merknader/innspel:
Eventuelle merknader el. innspel som kan ha innverknad og/el. vera av interesse for planarbeidet skal sendast til:

Opus Bergen AS
Strandgaten 59
5004 Bergen 

Eller via e-post post@opus.no. Det er og mogleg å sende merknad via denne sida. 

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Kvam Herad – dette vert gjort samla av OPUS Bergen AS. Alle mottekne dokument, merknader og liknande vert sendt kommunen saman med planframlegget. 

Frist for merknader er sett til xxx.

Vidare saksgang:
Etter at merknadsfristen er ute vil planframlegget verte utarbeidd og sendt til Kvam Herad for handsaming.

Frist for merknader er satt til



Har du kommentarer til planvarselet, send en melding til oss her.



Ledige stillinger

Alle stillinger