Hosanger Næringsområde

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-1, 12-3 og 12-8, vert det varsla igongsetting av privat detaljreguleringsarbeid for gnr. 89, bnr 25, m. fl., Hosanger næringsområde, Osterøy kommune. 

Reguleringsplanen vil erstatte eksisterande reguleringsplan Hosanger industriområde, gnr 92 bnr 16 ,.fl med planId: 2008300 (2008). Planen vil også endre delar av planen Hosanger sentrum, Osterøy kommune med planId: 504_63 (2001). Det vert med dette varsla oppheving av planId 2008300 og endring av plan Id 504_63 jf. PBL §12-14. 

Delar av planarbeidet er i tråd med kommuneplanen sin arealdel (innanfor N-områda), medan den delen av planarbeidet som er omfatta av sentrumsformål ikkje er i tråd med kommuneplanen sin arealdel.

Planstatus
Planområdet er i gjeldande kommuneplan (2011-2023) omfatta av følgande føremål:

  • Framtidig næring (N1 og N2),
  • LNF
  • Noverande sentrumsformål. 

I føresegnene til kommuneplanen er det sett krav til kost-nytteanalyse av N2 før ein regulerer N1. N1 fell vekk, med unntak av naudsynt areal til infrastruktur dersom N2 vert utbygd. 

Delar av planområdet er i reguleringsplan med planId: 504_63, regulert til «industri, verkstad, lager», «jord- og skogbruk», «hytter», «bustader», «privat anna vegareal» og «køyreveg/parkering». I reguleringsplan med planId: 2008300 er delar av planområdet regulert til «industri og lager»,  «friluftsområde» og «område med rasfare», «køyreveg», «gang- og sykkelveg», «anna vegareal», felles avkøyring/ køyreveg og «parkbelte i industriområde».

Føremål
Føremålet med planarbeidet er å utvide og vidareutvikle Mjøs Metallvarefabrikk og Hosanger næringsområde. Det er planlagt eit nytt bygg innanfor N1 med føremål industri/lager. I planarbeidet skal ein også vurdere mogleg utvikling eller nybygg av eksisterande bygningsmasse på 89/113, 25 og 45, bruken skal vera tilknytt eksisterande verksemd i Mjøs Metallvarefabrikk. Dette arealet er vist som noverande sentrumsføremål i Kommuneplanens arealdel.  Areal vist som LNF i Kommuneplanens arealdel skal  oppretthaldast grønt som i dag. 

Forslagsstillar
Forslagsstillar er Mjøs metallvarefabrikk AS.
OPUS Bergen AS er utførande konsulent for planlegginga.

Informasjon og medverknad
For nærare informasjon kontakt OPUS Bergen AS, tlf. 55 21 41 50, faks 55 21 41 60, e-post post@opus.no, vanleg post:     

OPUS Bergen AS
Strandgaten 59
5004 Bergen    

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Osterøy kommune – dette vil ivaretakast av OPUS Bergen AS. Alle mottatte dokumenter, merknader og liknande vert send kommunen saman med planforslaget.

Vidare saksgang

Etter at planprogrammet har vore på høyring, skal planprogammet fastsetjast av kommunestyret i Osterøy kommune. Neste steg i planprosessen er å ferdigstille forslag til reguleringsplan. Etter første gongs handsaming i kommunen vert planen lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då vere mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Frist for merknader er satt til



Har du kommentarer til planvarselet, send en melding til oss her.



Ledige stillinger

Alle stillinger