Holmen gruve og deponi, Aurland kommune

I medhald av Plan- og bygningsloven §§ 12-1, 12-8, 12-9, samt Forskrift om konsekvensutredninger §8, vert det med dette varsla om at det setjast i gang privat reguleringsarbeid med konsekvensutgreiing, og høyring av forslag til planprogram, for gnr. 61, bnr. 8 og 6, mfl., Holmen gruve og deponi, Aurland kommune. Plan- og Eigedomsutvalet og Kommunestyret i Aurland har handsama planinitiativet og har vedteke at planprosess kan startast opp, med varsel og utlegging av forslag til planprogram. Vedtaket har eit premiss om at ved endring, må det også påreknast ein planprosess knytt til kaiområdet i Gudvangen. 

Med privat reguleringsplan skal ein forstå
Privat reguleringsplan etter Plan- og bygningsloven, kapittel 12, er ein prosess kor ein privat grunneigar, tiltakshavar (utbyggar) mfl., tek initiativ til, og deretter utarbeidar planframlegg. Framlegg til plan vert sendt til kommunen, som deretter tek over ansvaret for sakshandsaminga med innhenting av merknader til planen, og eventuelt krev endringar i planen før den blir lagt fram for vedtak i kommunestyret.

Forslagsstillar:
Forslagsstillar er Gudvangen Stein AS, som og er ein av grunneigarane. Dei har inngått eit samarbeid med Norsk Gjenvinning m3 AS. OPUS Bergen AS er utførande konsulent for planlegginga.

Planområdet:
Det regulerast i to plan, på og under bakkenivå. Plangrensa er kjem fram av vedlagt kartutsnitt. Planområdet på bakken er på om lag 106 daa. Grensa følgjer planavgrensinga for gjeldande reguleringsplan, samt omsyn til frisiktsone frå E16. Planområdet under bakken, på om lag 784 daa, er utforma med bakgrunn i eigedomsgrenser. Det er mogleg at planområdet vert redusert i løpet av planprosessen. Sør i planområdet er ein mindre del av E16, stamveg mellom aust og vest, teke med i planen.

Nærøydalselvi renn sør for, dels i, og aust for planområdet, medan Jordalselvi ligg tett på/dels i vestre plangrense. Nord for plangrensa på bakkeplan og over nordre del av planområdet under bakken, stig fjellet Jordalsnuten opp til 937m.

Planområdet nyttast i dag til gruveverksemd med uttak av anortositt. Anortositten sendast med lastebilar til eigen kai i Gudvangen, der den skipast ut og transporten går utan last tilbake til gruva. Det er inga busetting i eller kring planområdet, men det bur om lag 90 personar i Gudvangen, ved fylkesveg 5623 (tidlegare 241) og kaia. I Gudvangen og på Nærøyfjorden er det, særleg i sommarhalvåret, stort aktivitet knytt til reiseliv. Store delar av planområdet og utskipingskaia, er i aktsemdsoner for ras og flaum.

Planstatus:
Store delar av planområdet og kringliggjande område er, i kommuneplanens arealdel (KPA) 2008-20, restriksjonsområde og unnateke frå rettsverknad, dvs. at detaljregulering gjeld føre KPA. Eit mindre område er restriksjonsområde og avsett til framtidig erverv. Det er og område avsett til LNF og samferdsle.

Planområdet famnar om ein reguleringsplan frå 2008 for «gruvedrift i Jordalsnuten og Glashammaren, del A», som regulerar området for råstoffutvinning med tilhøyrande industriverksemd (arealplan-id 12008002). Innan plangrensa i sør gjeld Statens vegvesen sin reguleringsplan for «E16 Parsell: Glashammarbrui-Stalheimsøyane» frå 2005.

I nord og sør er store område bandlagt etter lov om naturvern, då dei inngår i Nærøyfjorden landskapsvernområde. Dette landskapsvernområdet, med mål om å ta vare på eit vakkert og eigenarta natur- og kulturlandskap frå fjord til fjell, omkransar gruvedrifta og planområdet. Medan enkelte områder, som planområdet med gruvedrift, E16, og kaia i Gudvangen er unnateke frå verneområdet, inngår dei alle i UNESCO verdsarvområdet «Vestnorsk Fjordlandskap, delområde Nærøyfjorden», med eigen forvaltningsplan. Verdsarvstatusen fører med seg sterke føringar knytt til arealbruk, forvaltning og busetting. Vidare er Nærøydalselvi, som renn sør og aust for planområdet, eit nasjonalt verna laksevassdrag, på bakgrunn av sin urørtheit, kystnære lokalisering, som del av eit kontrastfylt fjordlandskap av internasjonal verdi, mm. Regional plan for vassforvaltning for Sogn og Fjordane vassregion (2016-2021), er under revisjon, men gjeld enno. Nærøydalselvi er teke inn, med mellom anna mål om å styrke fiskebestanden.

Føremålet med planframlegget:
Føremålet med planen er fortsett gruveverksemd med uttak av anortositt,  kombinert med å etablere deponi for mineralske massar og flygeaske, i eksisterande og framtidige fjellhallar under bakken. Hallane er  danna av gruveverksemda. Det er tale om ulike typar fast avfall. Dette inkluderer m.a. aske frå forbrenningsanlegg for hushaldningsavfall (flygeaske). Det er behov for større deponikapasitet på Vestlandet og i Noreg. Det er i dag berre eit deponi i Bergen som tek imot forureina mineralsk avfall, og både kommunar og fylkeskommunen ynskjer fleire mottak. Regjeringa sitt ekspertutval peikte i november 2019 på gruva i Gudvangen som ein av fleire moglege plassar for mottak av enkelte typar avfall som samfunnet treng løysingar for når det eksisterande mottaket på Langøya ikkje kan ta i mot meir, estimert til 2024.

Planframlegget skal leggje til rette for å nytte eksisterande areal, dvs. ubrukt og eigna areal i tomme gruvehallar, samt eksisterande ledig transportkapasitet, til å etablere nødvendig deponi, kombinert med fortsett gruvedrift. Gruvedrifta skjer i anortosittførekomsten. Bergarten er svært tett og stabil med begrensa vassinntrenging. Dei eksisterande fjellhallane som er tenkt nytta til deponi ligg truleg lågare enn elva i dalen utanfor, noko som sikrar innadretta trykk (inga avrenning). Ein kan vidare nytte ledig transportkapasitet i form av skip og lastebilar som kjem tomme frå kaia i Gudvangen når dei skal hente stein frå gruva. Kaiområdet er regulert som kai i gjeldande regulering for Gudvangen sentrum (arealplanID 1421-2013001). Lossing/ilandføring av avfallet medfører ikkje vesentleg endring i liggetid for fartøy, ei heller behov for mellomlagring på kai. Lastebilar som fraktar stein ned til steinbingane på kai tek med seg massar som kjem inn med skip. Massane vert lasta direkte på lastebil som tek massane med direkte inn i fjellhallane i gruva. Etablering av deponi vil dermed både tryggje gruvearbeids-plassane, og føre til utvida aktivitet, og samla sett vil det truleg føre til ein auke i sysselsettinga.

Det er tilsynelatande motsetnader, og potensiell konflikt mellom verdsarvstatusen og eit deponi. Her det verd å merkje seg at gruvedrifta i fjellet har gått føre seg siden 1956. Drifta vart aktivt teke stilling til før godkjenninga som verdsarvområde. Det er i gruvehallar djupt under bakken deponi er tenkt plassert, ein stad med gode geologiske, hydrogeologiske og geokjemiske forhald for å kunne drifte sikkert. Det viktigaste kontantpunktet mellom ny deponiverksemd og omgjevnadane vil vere knytt til transport, på vegen, på kaia og fjorden.  Det er ikkje alle typar farleg avfall det er tale om, men som nemnd over er det faste mineralske massar og flygeaske. Nærare fastsetting av type kva avfall og behandling vil kunne fastsettjast gjennom planarbeidet. Her vil det blir utarbeidd som fleire utgreiingar for å vurdere moglege konsekvensar. Det er eit grunnleggjande premiss for tiltakshavar at den framtidige drifta ikkje skal koma i konflikt med Nærøyfjorden sin verdsarvstatus.

Verknader av planen:
Reguleringsplanen vil leggje rammene for gjennomføring av tiltak.

Utlegging av planprogram til offentleg ettersyn:
Tiltaka planframlegget legg til rette for er vurdert å utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU), jf. Forskrift om konsekvensutredninger, § 8, om planer og tiltak som skal konsekvensutgreiast dersom dei kan få vesentlege verknadar på miljø eller samfunn. Planen er omfatta av vedlegg II, punkt 2b og 11k. For vedlegg II, punkt 2b kan det argumenterast for at gruveverksemd allereie er regulert og konsesjon gitt. For punkt 11k, slår forskrifta inn. Deponiverksemda vil vere ny, og det er ikkje greia ut kva konsekvensar det kan få for planområdet og nærområdet. Som del av arbeidet er det utarbeidd eit framlegg til planprogram som fastset kva som skal greiast ut. Planprogrammet vert lagt ut på offentleg høyring i samband med varsel av oppstart planarbeid, og vert handsama av Aurland kommune i ettertid. 

Planprogrammet vert sendt til offentlege høyringsinstansar. Grunneigarar og andre saka gjeld, kan òg få tilsendt framlegg til planprogram ved å kontakte Opus Bergen AS. Det er òg mogleg å laste ned planprogram og andre varseldokument frå nettsida vår: www.opus.no, eller Aurland kommune www.aurland.kommune.no.

Informasjon og medverknad: 
Ein plan for medverknad og lokal forankring er utarbeid og arbeidet med medverknad starta opp. Dialog med kommune, fylkesmann, verdsarvmynde og departement er starta. For nærare informasjon kontakt OPUS Bergen AS, tlf. 55 21 41 50, e-post: post@opus.no.

Innspel til oppstartsmeldinga:
Innspel som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast elektronisk gjennom www.opus.no via fana «Planvarsel», eller til adressa synt under: 

Opus Bergen AS
Nordre Nøstekaien 1
5004 Bergen

e-post:
post@opus.no

nett:
www.opus.no
via fana «Planvarsel»

 Vi ber om at innspelet refererast til prosjektnummer P19040

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av innspel til Aurland kommune – dette vil gjerast av OPUS Bergen AS. Alle mottekne dokument, innspel og liknande vert send kommunen, saman med planforslaget. Vi gjer oppmerksam på at kvart enkelt innspel ikkje får eit eige svar tilsendt, men vert kommentert og handsama i sjølve plansaka gjennom planprosessen.

 Frist for innspel er sett til 16. juni 2020.

Vidare saksgang:
Etter at fristen er ute, vil sjølve planframlegget utarbeidast og sendast til Aurland kommune for handsaming. Etter første sakshandsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då igjen vere mogleg å sende merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming. 

 


OPUS Bergen AS

Frist for merknader er satt til



Har du kommentarer til planvarselet, send en melding til oss her.



Ledige stillinger

Alle stillinger