Hafstad

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-1, 12-3 og 12-8, vert det varsla igangsetting av privat detaljreguleringsarbeid for gnr. 61, bnr. 8, m. fl., Hafstad, Førde kommune. 

Forslagsstillar
Forslagsstillar er Uno-X Automat AS.
Opus Bergen AS er utførande konsulent for planlegginga.

Føremål
Føremålet med planarbeidet er å etablere automatstasjon for sal av drivstoff, med tilhøyrande veg. 

Planområdet
Planområdet ligg på Hafstad i Førde.

Planområdet grensar til eksisterande REMA 1000 butikk i aust, vegareal i sør og vest, samt bustadområde i nord. Mot vest er planområdet tilpassa senterlinje veg i gjeldande reguleringsplan «Hafstad Bydel» PlanID 20070007. I planarbeidet vil ein og avklare trong til busslomme eller kantstopp, då busstopp regulert i gjeldande plan må oppdaterast i høve gjeldande krav.

Delar av REMA 1000 sin eigedom, som er vegareal i dag, er tatt med i planområdet for å regulera denne til same føremål som det øvrige byggeområdet på eigedomen.

Planområdet er avgrensa som vist på vedlagte kartutsnitt, og utgjer om lag 3,2 daa.

Planstatus
Planområdet er i gjeldande reguleringsplan «Hafstad Bydel» PlanID 20070007 regulert som kombinert føremål: forretning/kontor og vegareal. 

Tiltaket er vurdert i høve til forskrift om konsekvensutgreiingar. Tiltaket er vurdert slik at det ikkje er konsekvensutreiingspliktig. 

Verknad av planen
Reguleringsplanen vil legge rammene for gjennomføringa av tiltaka.

Informasjon og  medverknad:
For nærare informasjon kontakt OPUS Bergen AS, tlf. 55 21 41 50, faks 55 21 41 60, e-post post@opus.no.

Merknader som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast:

Opus Bergen AS, Strandgaten 59, 5004 Bergen

Det er ikkje naudsynt å senda kopi av merknadene til Førde kommune - dette vi bli ivareteken og samla av Opus Bergen AS. Alle mottekne dokument, merknader og liknande blir sendt kommunen saman med planforslaget.

Frist for merknader er sett til 01.05.15.

Vidare saksgang:
Etter at merknadsfristen er ute vil planframlegget verte utarbeidd og sendt til Førde kommune for handsaming.

Frist for merknader er satt til



Har du kommentarer til planvarselet, send en melding til oss her.



Ledige stillinger

Alle stillinger