Vikane Næringsområde

I medhald av plan- og bygningslova sin §§ 12-1, 12-3 og 12-8, 12-9 og § 7 i forskrift om konsekvensutgreiing, vert det varsla igangsetting av privat detaljreguleringsarbeid med tilhøyrande konsekvensutgreiing for gnr. 214, bnr. 3, m. fl., Vikane Næringsom 

Forslagsstillar
Forslagsstillar er Ragnvald Valle.
OPUS Bergen AS er utførande konsulent for planlegginga.

Planområdet
Planområdet er avgrensa som vist på vedlagte kartutsnitt, og utgjer om lag 143 daa. Planområdet omfattar Eikanger hagesenter og eit skogområde, samt omkringliggende vegsystem (E39 Osterfjordvegen og Sauvågen).

Planstatus
Planområdet er i gjeldande kommuneplan (2011-2023) sett av til næring.

Delar av det aktuelle planområdet ligg innanfor omsynssona faresone for ras, og innanfor raud sone for støy.

Planområdet er ikkje regulert i dag.

Føremål
Føremålet med planarbeidet er å utvikle og legge området til rette for næringsverksemd med tilhøyrande infrastruktur, i samsvar med overordna plan.

Utlegging av planprogram til offentleg ettersyn:
Tiltaket er vurdert slik at det er konsekvensutgreiingspliktig i høve til forskrift om konsekvensutgreiingar. Som del av arbeidet er det utarbeidd eit framlegg til planprogram. Planprogrammet vert vedteke av Lindås kommune, og fastset kva som skal greiast ut som del av konsekvensutgreiinga. Det varslast her om offentleg høyring av planprogrammet.

Planprogrammet vert sendt til offentlege høyringsinstansar. Grunneigarar i området og andre berørte partar kan òg få tilsendt framlegg til planprogram frå Opus Bergen AS. Det er òg mogleg å laste ned planprogrammet frå denne nedsida.

Merknader/innspel:
Eventuelle merknader el. innspel som kan ha innverknad og/el. vera av interesse for planarbeidet skal sendast til:

Opus Bergen AS
Strandgaten 59
5004 Bergen 

Eller via e-post post@opus.no. Det er og mogleg å sende merknad via denne sida. 

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Lindås kommune – dette vert gjort samla av OPUS Bergen AS. Alle mottekne dokument, merknader og liknande vert sendt kommunen saman med planframlegget. 

Frist for merknader er sett til 07.05.16.

Vidare saksgang:
Etter at merknadsfristen er ute vil planframlegget verte utarbeidd og sendt til Lindås kommune for handsaming.

Frist for merknader er satt til



Har du kommentarer til planvarselet, send en melding til oss her.



Ledige stillinger

Alle stillinger