Fokusgården Førde

Med heimel i plan- og bygningslovens § 12-8 vert det varsla start av privat reguleringsarbeid for Hafstadvegen 44 og 46 og Fjellvegen 9 i Førde kommune. Planutvalet i Førde kommune ga i møte 22. september klarsignal til starte detaljregulering, og oppmoda eigarane til dei tre eigedomane om å utarbeide felles planframlegg.

Forslagsstillar
Forslagsstillar er Hjelmelandsgården AS og Fokusgården AS.
OPUS Bergen AS er utførande konsulent.

Planområdet
Planområdet ligg i Førde kommune. Planområdet er avgrensa som vist på kartutsnittet lengre nede i brevet. Det er på ca. 11 daa, og dekkjer dei føre nemnde tre eigedomane, Hafstadvegen langs planområdet, område S3a i detaljregulering for Rådhuskvartalet, delar av parkeringsarealet aust for Fjellvegen 9 og Hafstadvegen 46 og Fjellvegen II. Planområdet ligg i Førde sentrum, det er planert og asfaltert og det står tre forretningsgårdar i planområdet.

Planstatus
I kommuneplanen sin arealdel 2015-2027 er planområdet avsett til sentrumsføremål og utgjer del av «Førde sentrum», jf. fastsett sentrumsstruktur.
-        Gjeldande reguleringsplan for Hafstadvegen 44 er detaljreguleringsplan for Rådhuskvartalet i Førde, vedteken 26.05.11.
-        Gjeldande reguleringsplan for Hafstadvegen 46 og Fjellvegen 9 er reguleringsplan for del av sentrum søraust, vedteken i 2003. Eigedomane er regulerte til kombinert føremål bustad/forretning/kontor.

Formålet med planforslaget
Føremålet med planen er å leggje til rette for ei vidareutvikling av eigedomane Hafstadvegen 44, Hafstadvegen 46 og Fjellvegen 9, ved å byggje på desse eigedomane med fleire høgder. For Fjellvegen 9 skal auka areal nyttast til kontorføremål, medan bustadføremål er mest aktuelt for det to øvrige eigedomane. Det skal og vurderast tilkomst til planområdet.

Førde kommune har i referat frå oppstartsmøte skrive at «Det er ikkje forhold som slår inn i høve til KU-forskrifta.» Plankonsulenten er beden om å omtale problemstillinga i varsel om planstart. Dette er gjort i ei eiga KU-vurdering. 

Verknader av planen
Reguleringsplanen vil legge rammene for gjennomføring av tiltak.

Informasjon og medverknad:
Det skal haldast informasjonsmøte før planen vert lagt ut til offentleg ettersyn.
For nærare informasjon kontakt OPUS Bergen AS, tlf. 55 21 41 50, e-post post@opus.no.

Merknader til oppstartsvarselet:
Merknader som har verknad eller interesse for planprogram og planarbeidet kan sendast til Opus Bergen AS per brev eller e-post.


OPUS Bergen AS
Strandgaten 59
5004 Bergen
e-post: post@opus.no
eller elektronisk gjennom www.opus.no via fanen «Planvarsel». Her ligg også planprogrammet, notat frå oppstartsmøte med Førde kommune og saksframlegg og vedtak til høyringsutkast om utbyggingsvolum fra Planutvalet 22. september 2016.

 Vi ber om at det i merknaden blir referert til prosjektnummer P16095.
Det er ikke naudstynt å sende kopi av innspel til Føre kommune – dette vil OPUS Bergen AS gjere. Alle mottekne dokument, innspel og liknande vert sendt til kommunen sammen med planprogrammet.

 Frist for innspel er sett til 25. januar 2017.

Vidare saksgang
Etter at planvarselet har vore på høyring, skal plankonsulenten utforme planframlegget. Dette vert send Førde kommune for handsaming. Ved utforminga av planen vert det lagd vekt på dei planen vedkjem. Både private partar og styremaktene skal kunne påverke utforminga av planen.
Etter 1. gangs handsaming i Førde kommune skal planen på høyring og til offentleg ettersyn. Det vil da være høve til å kome med merknadar til planframlegget før framlegget går til videre politisk behandling. 

 

Frist for merknader er satt til



Har du kommentarer til planvarselet, send en melding til oss her.



Ledige stillinger

Alle stillinger