Flåm - Brekke Nigarden

I medhald av plan- og bygningsloven §12-8, §12-9 og §7 i forskrift om konsekvensutgreiing, vert det med dette varsla om igangsetting av privat reguleringsarbeid av detaljplan med konsekvensutgreiing, Brekke gard, gnr. 49 bnr. 1, 2 m. fl. Aurland kommune

 

Med privat reguleringsplan skal ein forstå:

Privat reguleringsplan etter Plan- og bygningslovens kapittel 12, der privat grunneigar, tiltakshavar (utbyggar) m. fl. tek initiativ til og deretter utarbeider planforslag. Forslag til plan vert sendt til kommunen, som deretter tek over ansvaret for sakshandsaminga med innhenting av merknader til planen og eventuelt krev endringar i planen før den blir lagt fram for vedtak i kommunestyret.

Forslagsstillar

Forslagsstillar er Siver Wangen AS. OPUS Bergen AS er utførande konsulent for planlegginga.

 

Planområdet

Planområdet er på om lag 166 daa og er avgrensa som vist på vedlagt kartutsnitt. Det ligg i eit landbruksområde og delvis i eit eksisterande område med utleigeeiningar for turistar (Brekke gard hostel og Brekke apartments). Området grensar til Nedre Brekkevegen i vest, som er tilkomst til Brekkefossen. Brekkefossen er eit turistmål sør for planområdet, opp mot verdsarvområde Vestnorsk fjordlandskap, delområde Nærøyfjorden. Aust for planområdet er Flåmselva.

 

Planstatus

Planområdet er i KPA (2008-2020) avsett til landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF).

 

Føremålet med planforslaget

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for overnatting og andre turistfunksjonar ved Brekke gard. Det planlagde overnattingskomplekset skal ha mellom 180 – 280 einigar/rom, og autentisk natur- og kulturopplevinger som produksjonslokale, gardsopplevingar på gard i aktiv drift, visningssenter, konsertlokale, butikk, bakeri, restaurant, sykkelutleige mv. Planinitiativet sin hovudidé er å avlaste Flåm sentrum som ikkje har kapasitet til å handtere alle turistane som nyttar bygda, spesielt om sommaren. I tillegg ønskjer ein å leggje til rette for aktivitetar som kan styrke Flåm som heilårsdestinasjon.

Verknader av planen:

Reguleringsplanen vil leggje rammene for gjennomføring av tiltak. 

Utlegging av planprogram til offentleg ettersyn:

Tiltaka planframlegget legg til rette for er vurdert å utløyse krav til konsekvensutgreiing (KU), jamfør Forskrift om konsekvensutredninger § 3, då tiltaket er i strid med overordna plan (KPA) og ligg innanfor aktsemdområde for ras og flaum. Som del av arbeidet er det utarbeidd eit framlegg til planprogram. Planprogrammet vert handsama av Aurland kommune, og fastset kva som skal greiast ut som del av konsekvensutgreiinga. Dette brevet varslar om offentleg høyring av planprogrammet. Planprogrammet er sendt til offentlege høyringsinstansar. 

 

Informasjon og medverknad:

For nærare informasjon kontakt OPUS Bergen AS, tlf. 55 21 41 50, faks 55 21 41 60, e-post: post@opus.no.

 

Innspel til oppstartsmeldinga:

Innspel som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast elektronisk gjennom www.opus.no via fana «Planvarsel», eller til:

OPUS Bergen AS

Nordre Nøstekai 1

5011 Bergen

 

Vi ber om at det i innspelet vert referert til prosjektnummer P18039

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av innspel til Aurland kommune – dette vil gjerast av OPUS Bergen AS. Alle mottekne dokument, innspel og liknande vert send kommunen samla saman med planforslaget.

Frist for innspel er sett til 9. mai 2019

 

Vidare saksgang:

Etter at innspelsfristen er ute vil sjølve planforslaget bli utarbeidd og send til Aurland kommune for handsaming. Etter første sakshandsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då igjen vere mogleg å sende merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

 

OPUS Bergen AS,

Taral Jensen

Vedlegg:          Kartskisse med planavgrensing

 

Frist for merknader er satt til



Har du kommentarer til planvarselet, send en melding til oss her.



Ledige stillinger

Alle stillinger