Borge

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-1, 12-3 og 12-8, vert det varsla igangsetting av privat detaljreguleringsarbeid for gnr. 9, bnr 1, m.fl., Borge, Osterøy kommune. 

Formål
Formålet med planarbeidet er å etablere bustader med tilhøyrande infrastruktur. Formålet er i tråd med kommuneplanen.

Forslagsstillar
Forslagsstillar er Berit og Vidar Borge. OPUS Bergen AS er utførande konsulent for planlegginga.

Planområdet
Planområdet er avgrensa som vist på vedlagte kartutsnitt, og utgjer om lag 121,6 daa. Planområdet grensar til fylkesveg 376 i nordaust og fylkesveg 567 i sørvest. Planområdet grensar til LNF område i gjeldande kommuneplan.

Planstatus
Planområdet er i gjeldande kommuneplan (2011-2023) vist som LNFR- spreidd bustad, LNF område og vegareal. I føresegnene til kommuneplanen er det sett krav til at det skal utarbeidast landskapsanalyse som reguleringsplan for området skal bygge på.    

Tiltaket er vurdert i høve til forskrift om konsekvensutgreiingar. Tiltaket er vurdert slik at det ikkje er konsekvensutreiingspliktig.

Informasjon, medverknad og merknader:
For nærare informasjon kontakt OPUS Bergen AS, tlf. 55 21 41 50, faks 55 21 41 60, e-post post@opus.no.
Merknader til planarbeidet kan sendast til OPUS Bergen AS, Strandgaten 59, 5004 Bergen

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Osterøy kommune – dette vert gjort samla av OPUS Bergen AS. Alle mottekne dokument, merknader og liknande vert sendt kommunen saman med planframlegget. 

Frist for merknader er satt til



Har du kommentarer til planvarselet, send en melding til oss her.



Ledige stillinger

Alle stillinger