Bildøytangen SE1

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-1, 12-2 og 12-8 vert det varsla om oppstart av områdeplan for Bildøytangen SE 1 del av gnr 34/2, 3, 4 og 6 m.fl. – Bildøyna. 

Melding om oppstart av områdereguleringsplan for Bildøytangen SE 1 del av gnr 34/2, 3, 4 og 6 m.fl. – Bildøyna

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-1, 12-2 og 12-8 vert det varsla om oppstart av områdeplan for Bildøytangen SE 1 del av gnr 34/2, 3, 4 og 6 m.fl. – Bildøyna.

Områdeplanen er ein kommunal plan i regi av Fjell kommune. Planen vert utarbeidd på privat initiativ frå Liegruppen, som representerer dei største grunneigarinteressene i planområdet. Opus Bergen AS er ansvarleg plankonsulent for planen.

Planområdet og avgrensing
Planområdet omfattar arealet vist som SE1, FE1 og SH1 i Kommunedelplan Bildøyna/Sotra kystby (2013), i tillegg til ein del av VFR4 og Råna. Dette utgjer eigedommane gnr. 34, bnr 2, 3 og 4. planområdet grensar til sjø i vest og til hytteområdet, vist som SE2 i aust.

Vurdering i høve til forskrift om konsekvensutgreiing
Det er gjort ei vurdering av krav til planprogram og konsekvensutgreiing for områdeplan SE1, SE2 og SE3/ B1 etter Forskrift om konsekvensutredning. Vurderinga konkluderer med at det ikkje skal gjennomførast full konsekvensutgreiing på dette plannivået, sjå arbeidsprogrammet for vurderinga i sin heilskap. Det er likevel behov for noko utgreiing knytt til områdereguleringa, og aktuelle tema vert skildra nærare i arbeidsprogrammet.

Føremålet med områdeplanen
Føremålet med planarbeidet er å vurdera overordna plangrep for ein bymessig bygningsstruktur og innhald, varierte utnyttingsgrader, med reine bustadområde, blandingsstrøk for bustad/næring/kultur og andre byfunksjonar. Overordna rammer og føresetnader for planarbeidet er sett i Planprogram for kommunedelplan og områderegulering og Kommunedelplan Bildøyna/Sotra Kystby 2013-2024. Det er utarbeida eit arbeidsprogram for områdeplanen som skisserer opp prosess og tema for områdeplanen. Arbeidsprogrammet er tilgjengeleg på Fjell kommune sine nettsider, Servicetorget på Fjell rådhus og Fjell Folkeboksamling.

Planstatus
Hovuddelen av planområdet er i kommunedelplan Bildøyna/Sotra kystby vist med sentrumsformål. Sjøarealet er vist med føremål småbåthamn, ferdsel og friluftsområde i sjø.

Dei viktigaste overordna hovudoppgåver i områdereguleringa er definert slik:

  • Vurdera overordna plangrep for ein bymessig bygningsstruktur og innhald, varierte utnyttingsgrader, med reine bustadområde, blandingsstrøk for bustad/næring/kultur og andre byfunksjonar. Ein skal også vurdera tal på bueiningar og differensiering i bustadtilbodet, for alle aldrar.
  • Sikra grøntstruktur i form av plassar, parkar/friområde, aktivitetsområde, strandpromenadar.
  • Ta vare på viktige element i området; utsiktspunkt, Holmavatnet, variasjonane i topografien.
  • Finna gode løysingar for internt vegsystem og gangveg-/sykkelvegnett, tilrettelagte kollektivanlegg.
  • Anna teknisk infrastruktur skal samordnast med kommunedelplanen sine strukturar. Samfunnsmessig infrastruktur, med plassering og dimensjonering av interne skuleanlegg, barnehagar, kulturanlegg, og tilrettelegging for anlegg som også skal tene heile byområdet/kommunen, der overordna planlegging (kommunedelplan) fastlegg dette.
  • Sikra utbygging med kvalitet.
  • Vurdera konsekvensar for tilgrensande område, natur- og kulturressursar.

Frist for merknader er satt til



Har du kommentarer til planvarselet, send en melding til oss her.



Ledige stillinger

Alle stillinger