Brukar spørjeundersøking for auka involvering frå innbyggjarane

I ein større områderegulering i Lindås har Opus saman med kommunen utarbeida ei spørjeundersøking som skal bidra til auka involvering frå innbyggjarane og andre som har synspunkt på planen. 

– Berre det første døgnet vart det registrert 150 innspel. Det er mykje og viser at engasjementet er stort, seier prosjektleiar for plan hos Opus, Ina Bakka Sem-Olsen. 

Spørjeundersøkinga er utarbeida i samband med planarbeidet for Lonena i Knarvik. Planområdet er stort og samla kan det byggjast inntil 1200 bustader, avhengig av kva for eit alternativ kommunen og Rygir Tomteutvikling vel. For å få ein så god prosess og dialog med innbyggjarane som mogeleg, har Opus saman med kommunen utarbeida ei spørjeundersøking. Denne ligg no ute på Lindås Kommune sine nettsider, samt at den er delt i sosiale media. Her kan innbyggjarane dele sine synspunkt på planane, som for eksempel å dele ting dei er urolege for, men og positive reaksjonar. 

– Ved å bruke ei slik spørjeundersøking trur vi at terskelen for å komme med innspel vert lågare. På dei vanlege nabomøta kjem stort sett berre dei som er negative til planane, mens dei som er positive sit heime. Målet vårt er å få med oss så mange som mogeleg, seier Bakka Sem-Olsen. 

Målet med det heile er å skape diskusjon og debatt om utviklinga av området, samt å få eit grunnlag som ein kan basere dei framtidige planane på. 
– Når undersøkinga er ferdig samanfattar vi og tek det med oss vidare. Det blir ikkje lagt i ei skuff, men skal være viktige innspel i den vidare utviklinga av områdereguleringa, seier Bakka Sem-Olsen. 

Dette er fyrste gong Opus er med og brukar ei spørjeundersøking i forbindelse med ein områderegulering. 
– Eg ser ikkje vekk frå at dette er noko vi kjem til å gjere fleire gonger i framtida, spesielt i samband med slike større planarbeid, seier Bakka Sem-Olsen. 

Ynskjer du å delta i spørjeundersøkinga kan du gjøre det her  Spørjeundersøking om Lonena 

Undersøkinga er digital og open til 15. mars.

 



Ledige stillinger

Alle stillinger