Fornying av Eidfjord sentrum

Opus Bergen har utarbeida områdeplanen som skal gjere Eidfjord sentrum meir attraktiv både for dei fastbuande og turistane.

Områdeplanen vart vedteke i kommunestyret 27.juni 2016. Det er områda Menes, Vik og Lægreid som er regulert.

Føremålet med planarbeidet har vært å få eit meir levende sentrum i Eidfjord, både for dei fastbuande og for turistar. For dei fastbuande er det spesielt viktig å få til aktivitet i sentrum vinterstid. Ein ønsker å legge til rette for fleire bustader som kan vere eit alternativ til einebustad, og å skape eit godt bumiljø i sentrum.

Opninga av Hardangerbrua har og vore med på å aktualisere planarbeidet. Det er eit ønske å gjere Eidfjord meir interessant som ein stad å stoppe for dei som er på veg til eller frå Hardangervidda. På sikt er det forventa ein auke i trafikken gjennom Eidfjord sentrum, og trafikktryggleik har vore eit viktig moment i planarbeidet. Områdeplanen leggjer opp til å utbetre gang- og sykkelvegnettet og tilhøva for mjuke trafikantar. 



Ledige stillinger

Alle stillinger